11/18 Referat frå styremøte 21. november 2018
Refererat frå styremøte i Forskerforbundet ved HVL, 21. november 2018.
Til stades:
Gjert Anders Askevold, leiar
Gunnar Onarheim, nestleiar, nær-region Sogn og Fjordane
Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN
Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP
Andrea Eikset, nestleiar FF-FLKI
Forfall:
Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS
Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI
Kirsti Angvik Frugård, nestleiar, nær-region Stord/Haugesund
Ellen Johanne Svendsbø, klubbleiar FF-FHS
1. Godkjenning av innkalling og referat lokallagsstyre 06.11.18
Referat vart godkjend.
Saker til eventuelt: ingen.
2. Runde rundt bordet: saka vart utsett til neste møte, grunna forfall.
3. Innplassering av TAP
4 innplasseringskonkurransar.
Tillitsvalde vart invitert til innplasserings-«konkurransar» på særs kort tids varsel, og reagerte i utgangspunktet negativt på dette. Etter forklaring frå HVL handlar dette om intervju når fleire ønskjer same stilling i innplasseringa av administrative tilsette. FF deltek etter utsetjing av dei første intervjua og etter orientering om innhaldet.
Jurist frå FF sentralt møtte tilsette i innplassering 22. november på campus Bergen.
Ein strategi for 2.5.3 forhandlingar etter innplasseringa blir drøfta på neste møte.
4. Forhandling av instituttstruktur på FIN
Prosessen har resultert i ein nedgang frå 7 til 5 institutt. Forhandlingar vart gjennomførte måndag 19. november etter eit formøte med tillitsvalde fredag 16. november. Forskarforbundet deltok i forhandlingane ved leiar.
5. Hovudtillitsvalte møter styret ved HVL
Møte tek utgangspunkt i dokumentet «HTV møter styret ved HVL». Dei tillitsvalde får ein halv time til å presentere seg og legge fram aktuelle saker.
Drift av utdanningane ved HVL; kva skal være grensa m.o.t. tal studentar for å kunne drive program og emner i HVL?
Problemer for tilsette ved overopptak på einskilde program og emner.
Overtid – meirtid – skyvetid - tidsregistrering: omgrep og praksis. Tilsette må få betalt for den jobben dei gjer. Oppgåver som blir pålagt tilsette av nærmaste leiar skal overtidsbetalast. Øvrige fagforeiningar er til dels sterkt for å innføre tidsregistrering for fagtilsette. FF er delt på dette punktet, men fleirtalet er imot.
Karriereutvikling og personalpolitikk, jfr komande styresak. FF er opptekne av at alle stillingskategoriar tilsette skal ha karrieremuligheter. Personalet, særskild administrative, opplever ekstra slitasje for tida.
Campusutvikling. Leiar skal delta i eit møte 3-4 desember, samt tur til Nederland med HVL og mellom anna prosjektleiar Knut Vindenes i samband med Prosjekt campusutvikling Kronstad 2020. FF er særskild opptekne av arbeidsmiljø og mulighetene til å utvikle FoU- og undervisning og administrasjon i framtidige bygg. FF saknar elles ei koordinering av campusutvikling på tvers av alle campus ved HVL.
Mindreforbruk ved HVL; FF forventar ei forklaring.
Lønsgapet mellom leiarskiktet og tilsette.
Medråderett.
Universitetsambisjonen og rekrutteringa av UFF-tilsette.
Open post
6. Årsmøte 2019
Styret drøfta prosessen fram mot årsmøtet 2019.
7. Situasjonen på FLKI:
saka vart utsett til neste møte.
Medråderett
Opptakstal
Ressursfordeling
Valfagtilbod
8. Leiar av klubb FLKI.
Leiar ønskjer avløysing grunna sjukdom. Klubb FF-FLKI vil vurdere å gjennomføre eit ekstraordinært årsmøte for å konstituere ein ny leiar som skal fungere fram til årsmøtet i lokallagsmøtet.
9. Økonomien til lokallaget.
Økonomiansvarleg Gunnar O. gjorde greie for driftsrekneskapen for perioden 01018 til dags dato. Styret tok orienteringa til vitande.
10. OU-søknadar 2019.
Leiar gjorde greie for OU-seminarsøknader som vart sende inn 15. november. Styret legg opp til noko færre seminar komande år, og heller arbeide for å få godt frammøte og kvalitet på desse.
11. Saker til heildagsmøte i Bergen 26.11.18
FoU-rapporten – Vegen vidare.
Erfaringar frå lønnsforhandligane 2018
Campusutvikling ved HVL
ABW-konseptet
2.5.3 forhandlingar
FLKI-situasjonen
Fotografering av FF-HVL-styret på mediesenteret.
12. Eventuelt
Referent: G.O.
231118