12/18 Referat klubbstyremøte FØS 14. des 2018

Referat Klubbstyremøte Forskerforbundet FØS 14.12.18

(deltakarar: Hilde Sandhåland, Monika Alvestad Reime og Kristin Lofthus Hope)

Sakliste:

Orientering frå Haugesund:

Institutt for maritime studier ekspanderer, og treng meir kontorplass. Instituttet har fått tilgang til nokre fleire kontorplasser, men desse må møblerast før dei kan tas i bruk. Dette fører til noko utfordring for arbeidsmiljøet når mange må dela eit lite areal. Blant anna forstyrrelser i forbindelse med Skype møter og telefonsamtaler.

Orientering frå Sogndal:

Tilsette melder om eit behov for meir informasjon, og faste instituttmøter – særlig er det etterspurt på Institutt for økonomi og administrasjon. Det er også stor slitasje på leiarane, og det er svært stor mangel på administrativ støtte.

Orientering frå Bergen:

Her er K2 på agendaen. Det er særlig aktivitetsbaserte arbeidsplassar og at dei tilsette ikkje skal ha faste kontorplassar som bekymrar. Prosjektleiarane frå K2 er ikkje viljuge til å diskutera andre romløysingar/kontorløysingar enn dei som er lagt ut frå prosjektet. Dei tilsette er svært uroa over mangelen på dialog.

Saker til ID-møte 17/12-18:

Fristar frå eksamenskontoret i Bergen om innlevering av eksamensoppgåver. Administrativ eining som påverkar fagtilsette sine arbeidstilhøve i stor grad, utan å ha ein dialog i forkant.

Doktorgradssøknaden:

orientering er etterlyst frå fagtilsette.

Arbeidsplanar – prinsipp for tildeling av arbeidstid:

særlig må ein diskutera sats til emneansvar som berre er på 25 timar. Dette er lite, og det er ikkje tatt omsyn til tal på studentar i faga.