06/18 Referat styremøte Forskerforbundet, HVL – 15. juni 2018

Til stades:

Gjert Anders Askevold, leiar

Kirsti Angvik Frugård, nestleiar

Gunnar Onarheim, nestleiar

Alvhild Alette Bjørkum, klubbleiar FF-FIN

Trond Brattelid, klubbleiar FF-TAP

Kristin Lofthus Hope, klubbleiar FF-FØS

Ragnhild Ihle, klubbleiar FF-FHS

Hege Gjerde Sviggum, klubbleiar FF-FLKI

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste, samt referat frå 23.04.18 og 15.05.18.

Innkalling, sakliste og referat vart godkjende utan merknader.

Sak 2. Nytt frå nær-regionar og klubbar.

Nær-region Bergen

OU-seminaret i Balestrand vart avvikla med 23 deltakarar og eit godt program. PP blir lagt ut.

Gjert Anders har elles delteke i fleire jobbintervju, arbeider med førebuing til IDF-møte måndag 18. juni, og informerte om at FoU-tid-gruppe er sett ned : FF stiller på verksemdsnivå.

Nær-region Stord-Haugesund

Kirsti orienterte om at dei tilsette er særs opptekne av ressursfordelingsmodellen, samt saka om tildeling av FoU, og nye stillingar, der alle faste tilsetjingar krev 1. kompetanse. Det blir lyst ut mange midlertidige stillingar. Det er viktig at medlemmer ikkje tek på seg meir arbeid enn full arbeidsplan.

Nær-region Sogn og Fjordane

Tilsette som deltok på seminaret i Balestrand gir gode tilbakemeldingar på program og gjennomføring. Gunnar deltok elles på FF-kurset Administrativt lokallagsarbeid i Oslo 12. juni, og anbefaler kurset.

Klubb FF-FLKI

Ressursfordelingsmodell har vore til drøfting på ID-møte fleire gonger. Dekan har no teke ei beslutning som mellom anna medfører ei flat tildeling per 15 stp, omfordelingspott, samt også trappetrinnsmodell som gir større uttelling ved stigande studenttal. Modellen har ført til mykje forvirring og diskusjon. Sakspapira var utydelege, til dømes om det som gjeld omfordelingspotten, som kan gi midlar til krevjande emne, som ved delte grupper (kunst og handverk, idrett, drama). Styret drøfta saka.

Av andre saker er klubben opptekne av korleis «skyvetimar» eller meirarbeid som har bygd seg opp over tid skal avviklast. Her er det stor usemje. I samband med oppussing av Gymnasbygget vil dei tilsette ikkje akseptera avgrensinga til 4,5 kvadratmeter per tilsett.

Klubb FF-FHS

Det er misnøye blant medlemmene med omsyn til ein situasjon som er prega av usikker bemanning og utlysingar av midlertidige stillingar. Medlemmene er skeptiske til situasjonen frå semesterstart.

Ragnhild er blitt med som fagtilsett i ei gruppe som skal arbeide med Læringslab K2.

Klubb FF-FIN

Drøftingsmøter med dekan: klubben vil arbeide for muligheten til påverknad på instituttnivå.

Klubben vil også arbeide meir med arbeidsplanar, mellom anna bør det omfordelast mellom emne ut i frå bruk av lab etc. Det er også særs sentralt å følgja med på tilsettingar. Det er særs uheldig dersom andelen midlertidige stillingar aukar.

Klubb FF-FØS

Som nytt fakultet med nye leiarar, er klubben oppteken av at leiarar treng opplæring i kva det betyr å leia i UH-sektoren.

FoU-tid er fordelt flatt i forhold til stillingskategori. Klubben er uroa med omsyn til ressursen for høgskulelektorar.

Formidling av informasjon på nettsidene til fakultetet er endå ikkje tilfredsstillande, mellom anna frå IDF-møter.

Klubb FF-TAP

Klubben har eit sterkt fokus på bemanningsplanen som medlemmene våre framleis ventar på.

TAP er også opptekne av bruken av midlertidige stillingar.

Møte måndag 11. juni om «Muligheter og rettigheter i den nye bemanningsplanen og innplasseringsprosjektet for teknisk administrativt ansatte ved HVL» vart gjennomført med god deltaking. Advokat Hildur N. Nilssen innleia frå Forskerforbundet på campus Bergen, og møtet vart overført til interesserte på alle campus.

Sak 3. Informasjonssaker

a) Undersøkings av tidsregistrering blir følgt opp. HVL vil frå hausten legge opp til modellen frå Bergen: vi skal registrere når vi ikkje er til stades. FF-medlemmene er delte i synet på denne saka. TAP vil framleis registrere tida si. Mange medlemmer blant dei vitskapleg tilsette i nær-region Sogn og Fjordane nøgde med registrering i ESS, det same gjeld i nær-region Stord-Haugestund.

b) Neste FF-FLKI-styremøte blir i Bergen.

Sak 4. Drift av lokallaget

a) Workshop om lokallagsarbeid? Styret vil legga opp til eitt styremøte hausten 2018 med fysisk frammøte for alle, der vi kan arbeide meir detaljert med drifta av lokallaget.

b) Heimesida ved FF-HVL. Korleis nyttar vi denne, og korleis skal den utviklast? Styret drøfta saka. Det er semje om at vi må oppdatere heimesida meir systematisk, og at den må gjerast betre kjend blant medlemmene.

c) Klubbleiarane oppmoder den enkelte til å gå inn på «Min side» på FF sine sider og oppdatere sin informasjon.

d) E-postlistene: Klubbleiarane hentar ut lister frå forskerforbundet.no og oppdaterer listene snarast mogeleg.

Sak 5. OU-seminar

Stipendiaters rettigheter. Dags-seminar. Ansvarlege: Gjert Anders, Kirsti og G.O.: NOK 40 000.

Stad: Bergen. Dato: 8. november.

Klubb FLKI og kulturbygging. . Ansvarlege: Hege og Andrea (klubbleiar og nestleiar) blir samde om ein dato og ein stad under komande styremøte i Bergen. NOK 130 000. Lunsj til lunsj.

Klubb FIN/FØS og kulturbygging: Oktober. Ansvarlege: Alvhild og Kristin. Veke 41, 42, eller 43.

Neste skritt for lokallaget: Svalbard, September. Ansvarlege Leiar + nestleiarar. Veke 37 torsdag til søndag.

Klubb FHS: oktober eller november 2018. Klubbleiar tar ansvar for dato og arr.

TAP: OU-seminar i løpet av hausten. Tema: kompetanseheving.

Reiskap og påverknad: Vilnius.

Sentral/lokale lønsforhandlingar. Datoar blir sett før sommarferien.

Sak 6. Diskusjonsforum på hvl.no

Eit diskusjonsforum på hvl.no er bra, men er dette synleg nok? FF vil støtta Skjerdal sitt innspel om å få dette tydelegare fram for dei tilsette. Sak til IDF: spørsmål til leiinga.

Sak 7. HVL sin politikk med omsyn til tilstedeværelse på arbeidsplassen.

Ved tilsetjingar er dette krevjande, og eit dilemma for fagforeningar. Kva skal vera vårt prinsipielle synspunkt? Saka blir tatt opp att på neste møte.

Sak 8. Saker sendt til IDF-møtet 18. juni 2018.

Opprykk som blir markert på Vestibylen, blant anna professorar.

Når ein framhevar enkelttilsette er det veldig fint, men også sårt om ein gløymer nokon som meinar dei burde blitt framheva, og ikkje blir det.

- Kva er praksis her? Blir alle nemnt? Her bør det være standardar slik at alle professor/dosentopprykk kjem med når ein har ordninga.

- Kva skriv ein om? Har ein ei fast spørsmålsrunde, eller er det tilfeldig kva som blir skrive ut frå enkelttilfeller? Her bør det være eit standardoppsett.

Innføring av aktivitetsbaserte arbeidsplassar utan brukarmedverknad i Sogndal

Det er komne sterke reaksjonar blant dei tilsette i Sogndal ved FLKI på storleiken på dei opne kontorlandskapa i Gymnasbygget. Gymnasbygget avvik frå normen om 6m2 pr. kontorplass, noko som er anbefalt av arbeidstilsynet og som har vore gjeldande praksis for opne kontorlandskap. Tillitsvalde er ikkje tekne med i denne avgjerda. Forskerforbundet ber derfor om ei forklaring på kvifor ein meiner det er forsvarleg at ein avvik frå arbeidstilsynet si forvaltningspraksis når det gjeld tilsette sine arbeidsvilkår ved FLKI ved campus Sogndal.

Vurdering av lønnsplassering etter eit år.

Spesielt TAP-tilsette, men ikkje avgrensa til dei, opplever at paragrafen HTA 2.5.5 punkt 3 ikkje blir nytta. Det er argumentert med at innplasseringa ikkje er ferdig. Forskerforbundet meinar at denne paragrafen bør sjåast som uavhengig innplasseingsprosjektet.

Sak 9. Styresaker til HVL-styremøtet 20.-21.06.18.

Styret drøfta nokre av sakene.

46/18 Revisjonsberetning: ingen merknader frå FF.

47/18 Ramme for studieportefølgjeutviklinga: arbeidsgruppe. Inga avgjersle. Samansettinga av gruppa synest å vera særs topptung. Alvhild: desse sakene treng vi å diskutere på førehand på fakultets- og institutttnivå. Kva med reprensentasjon frå tIlittsvalde og fagleg tilsette?

48/18 Nye studietilbod ved HVL frå 19/20. Her saknar vi også eit høve til diskusjon på førehand.

49/18 Campusutvikling HVL. Strategisk arealplan i det lange perspektiv.

50/18 Tilbygg Haugesund

51/18 Instruks for fagleg leiing. Instruks for rektor. Leiar ber om innspel før møtet.

52/18 Fullmaktsstruktur. Sendt ut i går kveld.

53/18 Akkreditering av master i «Marketing and Innovation».

54/18 Oppnemning av studentrepresentantar til styrer, råd og utval.

55/18 Strategiprosessen – løypemelding juni 2018.

56/18 Utvikling av kvalitetssystem ved HVL

57/18 Oppfølging av Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge ved HVL.

58/18 Tilstandsrapport for høgare utdanning 2018 - hovudtal og tendensar for HVL.

59/18 Søkertall og status for rekrutteringsarbeidet for studieåret 2018/2019

Sak 9. Neste møte.

Torsdag 23. august 2018. Det blir lagt opp som eit dags-seminar på Flesland.

Sak 10. Eventuelt

Ingen saker.

Ref: G.O.

030818