08/18 Referat klubbstyremøte FØS 21. aug 2018

Referat Klubbstyremøte Forskerforbundet FØS 21.08.2018

(deltakarar: Hilde Sandhåland, Monika Alvestad Reime og Kristin Lofthus Hope)

Sakliste:

Gjennomgang av saker til ID-møte 21/8-18:

Sjå referat her. https://www.hvl.no/Vestibylen/organisasjonen/fakultet/fakultet-for-okonomi-og-samfunnsvitskap/referat-fra-id-moter/

Individuelle lønsforhandlingar:

Forskerforbundet ved HVL vil gjennomføra forhandlingar på vegne av sine medlemmer, og kravskjema blir sendt ut. Det blir ein frist i september for å levera inn lønskrav.

Leiarutdanning:

Det blei drøfta at det er eit behov for noko opplæring av nye leiarar på fakultetet

Ubekvem arbeidstid:

Dette skal diskuterast på ID-møte, då det ikkje er gode rutinar for registrering av overtid og ubekvem arbeidstid ved HVL. Hovudtariffavtalen blir ikkje fylgt pr. no.

OU-seminar 22-23 oktober i Bergen.

FF-FØS vil arrangera OU-seminar saman med FF-FIN. Invitasjon vert sendt ut til alle medlemmer av FF-FØS. Opphald og reise blir dekka av Forskerforbundet.