05/18 Referat styremøte Forskerforbundet, HVL – 15. mai 2018

Til stades:

Gjert Anders Askevold (leiar)

Gunnar Onarheim (nestleiar)

Ragnhild Ihle (klubbleiar FF-FHS)

Trond Brattelid (klubbleiar FF-TAP)

Kristin Lofthus Hope (klubbleiar FF-FØS)

Hege Gjerde Sviggum (klubbleiar FF-FLKI)

Meld forfall:

Alvhild Alette Bjørkum (klubbleiar FF-FIN)

Kirsti Angvik Frugård, nestleiar

1) Nytt frå nær-regionar og klubbar

o Nytt frå Nærregion Sogn og FJordane ved nestleiar

§ Kvinnenettverket for nær-region Sogn og Fjordane melder om 16 deltakarar og god stemning under OU-seminaret «Presentasjonsteknikk og møteleiing» 14.-15. mai.

§ Nestleiar har som økonomiansvarleg meld seg på FF-kurset om administrativt lokallagsarbeid 12. juni i Oslo, har delteke under intrvju og prøveførelesingar på tilsettingar både på FLKI og FØS, samt skaffa eit mogeleg streikelokale som kan nyttast ved ein eventuell streik.

o Nytt frå Nærregion Bergen ved leiar

§ Leiar har brukt mykje tid til arbeid med streikeførebuinga, samt tilsettingar.

§ Uro om arbeidsvilkår : fordelinga mellom fou-tid, fagleg fornying og administrasjon. Fleire professorar er uroa for lite tid til rettleiing og berre 10% fagleg oppdatering. Det kjem ein del innspel frå fagtilsette om dette.

§ Læringslab ved K2 er ein aktuell sak. Leiar har vor i møte om rom til verkstedspedagogikk etc, samt om nye typar læring, og korleis lokale skal brukast. Tradisjonell undervisning vs ny og eksperimentell undervisning.

§ Kva med midlertidige tilsette når ein no skyv på innplasseringa av adm tilsette? FF har henvendt seg til personal om dette. Svaret er at nærmaste leiar må ivareta interessene til dei midlertidige tilsette.

o Nytt frå Klubbleiar FLKI

§ Årsmøte klubb FLKI er gjennomført. Klubbstyre er på plass. Andrea Eikset er vald som nestleiar og Sissel Rosland, Olav Chr Ruus, Christina Løkslett som styremedlemmer i tillegg til klubbleiar Hege Gjerde Sviggum.

§ ID-møtene handlar mykje om arbeidsplanar og ressursar til emne for tida.

o Nytt frå Klubbleiar FIN

§ Klubbleiar Alvhild er i USA.

o Nytt frå Klubbleiar FØS

§ Årsmøte klubb FØS er gjennomført. Klubbstyret består no av Kristin Lofthus Hope, klubbleiar, campus Bergen, Hilde Sandhåland, campus Haugesund og Monika Alvestad Reime, campus Sogndal.

§ Mykje handlar om å bli samde med leiinga om korleis møter skal fungere. ID-møte i dag handla mellom anna om FoU-tid og kompetanseheving. Undervisning og kurs som blir haldne utanom ordinær arbeidstid gir ingen tillegg. Denne praksisen er ikkje heldig.

o Nytt frå Klubbleiar FHS

§ Fakultetet har sett ned ei strategigruppe og lagt opp til ein open prosess.

§ Klubben held årsmøte 22. mai. Klubbleiar treng ein representant frå campus Sogndal som kan ta ansvar for lokalt frammøte. Gunnar O. tek seg av dette.

o Nytt frå Klubbleiar TAP

§ Klubbstyre er vald. Referat frå årsmøtet i klubben ligg på nettsida til FF-HVL.

§ Klubbmøtet diskuterte mellom anna lønnsprofil. I tillegg er medlemmene opptekne av rettar knytt til omstillingsprosessar.

§ Klubbleiar har meld seg på kurs 13-14 juni i Bergen om presentasjonsteknikk, og vurderer deltaking på kurset i Oslo 12. juni om administrativt lokallagsarbeid.

2) OU-seminar Kviknes

o Over 20 påmelde så langt.

o Repr. Frå FF sentralt vil delta.

o HSH/HSN-repr er ikkje klar. Brattholmen frå HSN kan evt delta på Skype.

o Påminning blir sendt ut.

3) Streik 2018

o Leiar informerte om opplegget i samband med ein mogeleg konflikt.

4) Lønnspolitiske retningslinjer.

o Leiar og klubbleiarane på FF-TAP og FF-FØS møtast onsdag 16. mai til førebuande møte før dei tillitsvalde møter leiinga i Sogndal 22. mai.

5) FOU-tildeling og arbeidsvilkår generelt

o Det er ein god del uro blant medlemmene på dette punktet. Leiar følgjer opp saka.

6) Stands i samband med informasjon og rekruttering til hausten. Sjå e-post frå 9. mai. Lokallaget vil be om støtte frå FF sentralt.

o Målet er mellom anna å rekruttere studentar til FF.

o Eit tiltak kan vera å bruka studentar til å verve studentar: kvifor bør studentar bli medlemmer i FF? Vi må vera meir målretta i rekrutteringa. Profesjonsorganisasjonar har eit anna utgangspunkt.

o Roll-up kan tingast frå FF sentralt, dersom nær-regionane ønskjer å stille med stand til semesterstart.

7) Ta imot nye medlemmar – Velkomstgåver

o Styret drøfta ulike tiltak for å rekruttere nye medlemmer samt gi ei merksemd til dei som melder seg inn i FF. Med omsyn til gåver, bør FF vera medvitne om miljøkonsekvensar. Eventuelt kan vi lage eigne profileringsgåver. Uansett bør slike gåver vera nøye gjennomtenkt. Styret vil oppnemna ein rekrutteringsansvarleg.

8) Eventuelt

o Styresakene til komande styremøte vart refererte.

Ref.: Gunnar O.